Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum

Sundagsope: Førjulstid på museet - Julebukk!

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Vi lagar julestemning i Movika, og inviterer deg til å oppleve julepynta stover og stemning i tunet.

I tunet pyntar vi til jul i stova på husmannsplassen og i Østenstadstova. Her kan du sjå korleis det såg ut på julekvelden på 1800-talet.

Klokka 14.30 samlast vi til å gå julebukk i museumstunet. Her syng vi julesongar og «går på besøk» til nokre av husa i tunet. Kanskje ventar det noko godt til oss undervegs?
Julebukkmaske får du lage på museet, men ta gjerne med deg utkledningsklede og maske om du har heime.

Søndagsope desse dagane i desember 2024:

Søndag 8. desember, kl. 12-16
Søndag 15. desember, kl. 12-16 (Vi går julebukk i tunet)

I tillegg til dei julepynta stovene blir det høve til å vere med på ulike aktivitetar. Du kan lage julekort, julepynt og julebukkmaske som du kan kle på deg når vi skal gå julebukk i tunet.
Julepynten kan du ta med deg heim eller henge på juletreet på museet.

Østenstadstova er pynta til jul som det kunne sjå ut på tidlig 1800-tal.
I stova på husmannsplassen har vi gått litt fram i tid og du kan oppleve jul på 1870-talet.
Opningstider og museumsbutikk

Du kan også sjå husa og besøke oss tysdag til fredag 10.00 -15.00.
I opningstidene er museumsbutikken open. Her får du kjøpt fine varer som leiker, gåveartiklar, handverksprodukt, og bøker.

Vi ynskjer deg hjartleg velkomen til eit førjulsbesøk i Movika.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

2. september — 20. desember
tysdag - fredag 10:00 - 15:00
Ta gjerne kontakt på e-post om du har spørsmål utanfor opningstid

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde