Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Publisert 16/04/2024
Av Marie Nicolaisen

Stengte dagar i april og mai

Det er mykje som skal på plass i museumstunet, og mai kjem med raude fridagar. Vi held difor stengt nokre dagar i mai og april. Vi er på plass, så du kan alltid ta kontakt med oss på telefon eller e-post, og eventuelt lage ei avtale.

Klargjering i museumstunet

Hus skal vaskast, og gras og lauv skal rakast. For å kunne bli ferdig med dette set vi difor av nokre heile dagar i april og held stengt frå fredag 19. til og med onsdag 24. april.
18. april er vi på intern samling og held også stengt denne dagen.

Frå vårdugnaden vår i 2013

Raude dagar i mai

Vi held stengt dei raude dagane i mai, det vil seie onsdag 1. mai, torsdag 9. mai (kristi himmelfart), fredag 17. mai og måndag 20. mai (2. pinsedag). Desse dagane er vi heller ikkje tilgjengelige på telefon.

Tilgjengelig på telefon og e-post

Utanom fridagane i mai er vi tilgjenglige på telefon og e-post. Du kan også lage ei avtale med oss, men du kjem til stengt dør om du berre stikk innom.

Kontakt oss

Friluftsmuseet er ope

Sjølv om vi held steng er friluftmuseet opent og du kan gjerne ta deg ein tur i tunet eller opp på museumsstølen.

Sjølv om vi held stengt, kan du gjerne ta ein tur i tunet!