Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Museumspass til museum

Opplev kunstutstillingar, friluftsmuseum, kystkultur, steinhoggarindustri, reiseliv og mykje meir. Sving innom oss på ferda di, og kjenn deg litt rikare! 

Dette får du med eit Museumspass:

  • Inngang til våre tolv museum (passet kan nyttast éin gong per museum).  

  • Delta på omvisingar, familiedagar, kunstutstillingar, gå turløyper eller kanskje du vil besøke ein kunstnarheim? 

Spør etter museumspass neste gong du kjem på besøk til våre museum eller kjøp her: 

Pris for museumspass: 

Pris kr 220,-   (lik pris for vaksen, student og honnør). 
Barn under 18 år er gratis.
Passet gjeld for eitt besøk på kvart museum i 2 månader frå kjøpsdato.

Vilkår for museumspass

  • Du kan kjøpe museumspass på museet eller digitalt. Ved digitalt kjøp, må du vise gyldig kvittering på mobilen eller papirutskrift. 

  • Ved fyrste museumsbesøk får du utdelt ditt museumspass, slik at du kan samle stempel frå musea våre på din rundturen din. 

  • Museumspass gjeld ikkje ved arrangement med plassbillettar der tal personar er avgrensa. 

  • Museumspass gjeld ikkje arrangement der andre enn museet er (med-) arrangør. 

  • Museumspass gjeld ikkje kurs. 

  • Museumspass er personleg, og kan ikkje nyttast av andre. 

  • Museumspass gjeld i 2 månader frå datoen du sjølv vel ved kjøp.  

  • Vi gjer merksam på at enkelte av musea ikkje har heilårsope/berre er ope i sommarsesongen. 

  • Tek du heile museumsrundturen kan du spare over 1000 kr 

Musea våre