De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger

Museumsbesøk for

Skule og barnehage

Ta elevar og barnehageborn med på museum!

Pedagogiske tilbod for skule og barnehage

Me har fleire tilbod til skuleklassar og barnehage. Museumsbesøk gjev elevane opplevingar i fysiske miljø som heng saman med læringsinnhaldet. Dei får bruke alle sansane sine og prøve ulike praktiske øvingar. Tilboda er utarbeida av våre museumspedagogar. Dei tek utgangspunkt i skulen sine læreplanar og kompetansemål.

Tilboda er gratis å nytte.

Utforsk og bestill

For å utforske og bestille dei forskjellige opplegga vi tilbyr, trykk på knappane nedanfor. Her får du oversikt over trinn, fag, kompetansemål og andre ting du treng å vite for å planlegge. Vel eit opplegg, og fyll ut skjema.